No er vi klare til å ta i mot påmelding for båter som ønskjer å komme til bydn på Torgdagen i Bergen 2017, lørdag 10. juni!
Anten du kjem med skøyte, men skute, med åttring eller færing, eller med fjordabåt – meld frå at du kjem, så får til tilvist plass slik at vi får plass til alle.
Vi treng vite kva båten heiter, kva type båt og kor stor båten er. Det er også fint å få med rutetid om de har planar om å komme til Torgdagen etter eigen oppsatt rutetid.
Det er kjempeflott også om de under Merknader kan fortelje litt om de planlegg sal frå båten, eller om de har tenkt aktivitetar ombord som publikum kan få glede av.
Påmeldingsfrist 15. mai, slik at vi får laga og sendt ut hamnekart med båtplasseringar.
Det er ein stor kabal som skal gå opp om for å gje plass til alle som vil ha med seg Torgdagen, så meld frå at du kjem!
Fyll ut skjema og send til Hamneansvarleg på Torgdagen, Svein Tore Solsvik.
Legg igjen en kommentar