Historia om Torgdagen i Bergen

Tidleg i 1977 var det i Bergen lenge tale om å ta ein del av Fisketorget for å nytte den som vegtrase etter den nye trafikkomlegginga i Bergen. Dette vart ikkje særleg godt mottare av bergensarar og torghandlarar, og skodespelaren Rolf Berntsen var ein av initiativstakarane til å bevare og å høgje interessa for torget. Ein annan av støttespelarane, ein ung trubadur i frå Sund kommune, Johannes Kleppevik, hadde samstundes eit anna motiv for å gå inn i denne kampen for bevaring av torget. Å bevare Fisketorget var sjølvsagt viktig for han, men dette gav likevel berre Kleppevik den starten han trengde for å kunne vere med på omvurderinga av strilekulturen. Han hadde i lengre tid tenkt mykje på kor lite promotert og framheva  strilekulturen var i høve til innlandskulturen eller bondekulturen. Det var ingen som talte om kystkulturen. Den berre låg der, gløymt og livlaus.

Fiskehandel fra båtene Bilete frå Knudsen-samlingane (UBB-KK1318-3504)

Robert Skjoldal, svigerfar til Johannes Kleppevik, fortel om korleis ideen til sjølve Torgdagen vart til på ein søndagsutflukt i 1977. Familien Kleppevik og Skjoldal var ute på søndagstur på Golten i Sund kommune, der dei overvar sjøsettinga av to nyrestaurerte gavlbåtar, ”Løven” og ”Stormen”. Det var då desse to båtane kom seglande inn Golten at Johannes Kleppevik uttala: ”Da e datta so e strilakultur”. Skjoldal seier at det var då Kleppevik fekk ein spontan ide, om at dei skulle reise til Bergen og erobre Fisketorget attende frå bergensarane. I frå den dagen sette Kleppevik i gong eit omfattande arbeid med å informere kommunar og aviser om ideen. Kleppevik reiste til Bergen og tala med journalisten Kjartan Rødland i Bergens Tidende, som umiddelbart tente på denne ideen, og som seinare og viste seg å vere ein viktig støttespelar i arbeidsutvalet. Seinare reiste Kleppevik rundt til kommunane rundt Bergen for å samla støtte og fortelja om ideen sin. Året etter var det eigne torgdagkomitear i kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Lindås og gamle Fana, og det vart arbeidd med det same i fleire andre kommunar. Med overskrifta: ”Strilerørsla”, kulturarbeid av og på grasrota, seier Kleppevik:

Komiteene skal bestå av folk med sunt bondevett. Det er det viktigste kravet. Det utelukker mange som er med i styre og stell. Av de syv som sitter i utvalgene, er fire ”grasrot-medlemmer”. Så har formannskap, kulturstyre og skolestyre et medlem hver, slik at bondevettet er i flertall, sier Kleppevik (Morgenavisen 17.august 1978).

Strilekulturen skulle framhevast av strilane sjølv; altså dei med sunt bondevett. Bondekategoriseringa av strilen ser då faktisk ikkje ut til å slept taket på Kleppevik heller, og kanskje var han meir influert enn det kan synast, for i denne samanheng skulle det vel helst ha vore strilevett han sa?   Hausten 1977 vart Arbeidsutvalet for Torgdagen i Bergen danne. Saman med dei andre utvala frå dei andre kommunane fletta dei i saman og administrerte programma for dei neste Torgdagane. Kleppevik nemner seinare i same artikkel at ” Vitsen med det hele er at strilen skal være med på egne premisser. Og det vi gjør, skal ha appell til alle”. Seinare, i 1978, finn vi overskrifta i frå avise Askøy…: ”Støtt strilerørsla”, – det heile har vorte ei rørsle for strilane. Dette syner at det i utgangspunktet fans to motiv for å oppretta ein torgdag; bevaring av torget i seg sjølv som ein stad med framleis og samtidig drift midt i Bergen sentrum, og bevaring av strilekulturen, òg bergenskulturen, som ein del av det fortidige og historiske. Det vart tala om ”bymann og stril – hand i hand”, og at dei skulle gå saman for å bevare fisketorget. Dette skulle vere ein operasjon som skulle sveisa desse to gruppene saman, men Torgdagen kom ikkje i stand utan konflikt. ”Bjørn”, som var ein av iverksettarane av Torgdagen reint praktisk, kunne fortelja at ikkje alle var lika nøgd med denne ”Torgdagen”:

-.., vi hengde opp ”postara”på fisketorge å, torghandlarane drog da ut tå hendene på oss… helvete vettu

– Ja? Da va kamp dar rett og slett?

– Ja nei dei ville jo ikkje ha datta her hengt opp…så, mange år ettepå så hadde dei ein kommentar at viss ikje da hadde vøre minst tre torghandlara så hadde klaga, så hadde da vøre mislukka («Bjørn»).

Torghandlarane såg altså ikkje den same verdien i Torgdagen som det bergensarar og strilar gjorde, men så låg det og andre motiv bak Torgdagen enn berre som ein måte å bevare Torget på. Denne dagen vart, slik eg vil vise det, ein ”striledag” der strilen har styrt Torgdagen etter sine eigne premissar, og ikkje berre på bergensaren sine. Desse to motiva har etterkvart likevel smelta saman til det vi i dag kjenner som den etablerte Torgdagen. Fisketorget vart bevart, samstundes med at strilane nytte staden til å  fortelje sin kulturelle og etniske historie på. Dette vil eg kome nærare inn på i kapittelet om strilen som etnisk gruppe.

Strileinvasjonen

I frå fyrste gongen Torgdagen vart arrangert 2. juni 1977, har den bore eit preg av  strileinvasjon av Fisketorget. I eit forsøk på å ta Fisketorget tilbake frå bergensarane stod Johannes Kleppevik fremst i baugen på båten ”Løven” og tromma seg inn Vågen med ei militærtromma frå Sund Folkemuseum. Etter Kleppeviks båt kom det ei hærskare av nyvølte båtar, blant anna gavlbåten ”Stormen”, saman med fleire store og små motorbåtar. Strilane invaderte Bergen, og den fyrste Torgdagen var i gong. I Bergen, og av bergensarane vart denne dagen kalle ”Den store torgdagen”, og det var skodespelaren Rolf Berntsen som stod som ansiktet utetter. Strilane vart i hans auge, eit eksotisk innslag i arrangementet ”Den store torgdagen”. I Bergens Tidende stod det som overskrift: ”Strilene kom, solgte og vant”.. og vidare:

Det var en storlig fornøyet Rolf Berntzen som i går ettermiddag vinket farvel til strilene som stakk utover Vågen etter en høyst vellykket torgdag. – De var fantastiske, er konferansier Berntzens kommentar til strilenes fargerike innslag i forbindelse med den store torgdagen. Gamle båter og drakter fikk sin renessanse, og fra skøytene var det livlig avsetning på strileprodukter (Bergens Tidende 3. juni 1977).

Det hadde vorte blitt sett opp ei scene der underhaldninga skulle gå føre seg, og på denne scena kunne ein sjå at ordføraren i Bergen, Eilert Eilertsen, med sitt ordførarkjede høgtidleg opna den store Torgdagen. Programmet denne dagen bar preg av ein viss spontanitet, der mange av underhaldarane fanst blant publikum. Den fyrste delen av programmet var ei historisk dramatisering der Rolf Berntzen vart rodd i Vågen iført strileklede i strileklede. Berntzen steig i land og framførde ein monolog om bergensaren og strilen i gamal tid. Det var i denne stund at Johannes Kleppevik skulle ha kome inn Vågen med striletromma sin, men han og dei andre var forseinka. Det varte og rakk, og i mellomtida underhaldt Berntzen og kanuttene, blant anna med Bergenssangen. Men så kom båten med Kleppevik roande inn Vågen med si krigstromma. Invasjonen hadde byrja.

Johannes Kleppevik hadde i anledninga forfatta ein ny Torgsang, som han etter å ha stige i land, sprang opp på scena og framførte med allsong.Under denne songen kom det òg til dansarar som dansa framfor scena, og etterkvart kom det òg frivillige opp på scena for å framføre songar, skrøner og historier. Dette var helst eldre pensjonerte folk. ”Gullfisk”, eit trekkspelband, spela trekkspelmusikk samstundes med at dei selde fisk. Ein båt frakta skodelystne bort til «Staatsraad Lehmkul», der dei fekk ein rundtur i båten. Folk hadde følgt oppmodinga på førehand om å kle seg i eldre drakter. Midt i virvaret av publikumarar vandra dei rundt med klede dei trudde var anten strileklede eller bymannsklede. Cato Johannessen, eit av medlemma i arbeidsutvalet for Torgdagen, var ikledd ein gamal politimeisteruniform, sidan han òg til vanleg var ein politimann. Etterpå vart det delt ut ein premie for den beste og flottaste drakta blant deltakarane, ein hundre år gamal Follese-drakt. Slik arta då den fyrste offisielle Torgdagen seg i Bergen, og mykje av det same programmet eksisterer den dag i dag. For å gjeve eit godt bilete av Torgdagen i dag, vil eg beskrive mine erfaringar av Torgdagen slik han står fram i dag.

Teksten er henta frå hovudoppgåva «Torgdagen – eit fenomen og eit forum for konstruksjon av strileidentitet» av Lennart Fjell.

Trackbacks/Pingbacks

  1. Kyststemne i Trellevik og Johannes Kleppevik Minnepris | Kystsogevekene sin blog - 23. oktober 2014

    […] til Nils Harald Lie frå Fjell. Han kjente Johannes Kleppevik godt, då dei jobba saman om Torgdagen i Bergen sidan oppstarten i 1977. Det var likevel vel så mykje Nils Harald Lie sitt andre arbeid for […]

  2. Desse har fått minneprisen – johanneskleppevikminnepris - 25. august 2016

    […] 2003: Torgdagen i Bergen v/leiar Bjørn Breilid […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: