Vi har i februar 2017 hatt årsmøte, med påfølgjande styremøte i Torgdagen i Bergen. Vi er glade for å få forsterkingar i organisasjonen.
Styret i Torgdagen er samansett slik:
Svein Tore Solsvik, styreleiar og ansvar for hamneplanen
Anne Grete Aase Eide, nestleiar
Rolf Vonka, kasserar
Ludvig Daae Lampe, bodansvarleg
Nils Harald Lie, sponsoransvarleg og tradisjonsberar
Sigrid Marthe Kleppevik, konferansier
Lena Eikeland Kutschera, nettsider og sosiale media
Kjell Magnus Økland, ny i styret og kystkulturambassadør
Ole Christian Næss, ny i styret, vara
Ny i styret er Kjell Magnus Økland, forfattar av boka Oselvaren – den levande båten, og dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene.
Ny vara til styret er Ole Christian Næss, som kjem frå Askøy kystlag.
Velkommen begge to!
Trond Nesmann Berntsen takka for seg etter fleire år i styret og som bodansvarleg. Han er ein kystens mann og vil framleis være tilgjengeleg dersom det trengs. Tusen takk for god innsats!
Ketil Natvik har i mange år vore med i styret og leiinga i Torgdagen, han har dei siste åra vore vara, men har no valgt å trekkje seg heilt ut av Torgdagen. Tusen takk for lang og god innsats!
Legg igjen en kommentar