Kulturdagane Sund kommune

Program for kulturdagane 2012

Kulturdagane er lagt opp som ei kulturløype med start på Tofterøy 8.juni. Alle krinsane inviterer til rikhaldig program ute og inne fram til avslutninga 17.juni. Kulturdagane er opne for alle!

Kulturplanen 2012 – 2022 er ute til høyring i denne perioden, og vi er takksame for skriftlege innspel både under kulturdagane og fram til 30.juni. Vel møtt!

Tofterøy 8. juni

  • 08:45 Tur frå Tofterøy skule via turstien på austsida av Storavatnet til Hummelsund med kjøp av sveler/vaflar og omvising på garden til Ingebjørg H. Storebø.
  • 18:00 Opning av kunst- og biletutstilling i gymsalen med lokale kunstnarar. Utstillinga er ope kvar dag frå 11.- 15.juni frå 18:00 til 20:00, også med fotoutstilling frå Vardøy.

Glesnes 9. juni

  • 14:00 Opning av sjøsportssenteret på Glesvær med demonstrasjonar og sjøaktivitetar.
  • 15:00 Skulen, rockeklubben, kor og trekkspelklubb bidrar med flott program. ‘
  • 16:00 Dugnadsgjengen og gjester vert inviterte til ungdomshuset. Mat og underhaldning.
  • Torgdagen i Bergen (sjå eige program).

Ytre Sund 10. juni

  • 11:00 Gudsteneste i Kausland kyrkje
  • 12:00 Guida tur med Sund Turlag/UMH frå kyrkja og vestover mot havet.
  • Vetenløpet vert arrangert for 12. gong.
    Start frå Førde:
    Turklasse kl. 14:00
    Konkurranseklasse ungdom kl. 14:30
    Konkurranseklasse vaksen kl. 15:00

Telavåg 11. juni

  • 14:30 Oppmøte på Midttveitkaia. Ørnesafari.
  • 15:30: Oppmøte på Telavåg Skule for å gå til klatreveggen «Fiskesleppet».
  • 16.00: Opning av ny klatrevegg. Snorklipping v. leiar i Boks Klivarlag. Opningstale v kommunalsjefen. Barnehagen har utstilling i lavvoen.
    Klatring / rapellering for dei som vil prøva seg! Alle får låna utstyr.
    Mogleg å gå ein tur i Nordsjøløypa.
  • 17:00 – 19.00: Kafé i Grendahuset med servering av middag og, kaker og kaffi.
  • 17.00 – 19.00: Utstilling / salsutstilling i Bygdahallen av lokale kunstnarar. Lokalhistorie, bilete, heklearbeid, strikkearbeid, keramikk m.m.

Stranda 12. juni

  • 09:00 Underhaldning i mediateket.
  • 09.45 Utstilling og sal av elevarbeid.
  • 10:30 – 11.30 Kafé

Pollen 12. juni

  • 18:00 Oppmøte Eidesjøen. Høgtideleg opning av lavvoen.
  • Program ved elevane, toradarklubben, lokale kunstnarar og kulturutøvarar.

Skogsvåg 13. juni

  • 18:00 Framsyning av «Skogsvåg før» etter prosjektveka på Skogsvåg skule.

Sundheimen og Sund senter 14. juni

  • Program frå kl. 13:00 til 18:00.
  • 13.00 Konsert på Sundheimen med Fiskaaen duo.
  • 13:00 Fotoutstilling på Kulturtorget v biblioteket.
  • Internasjonal mat.
  • 16:00 – 18:00 Kalligrafitime på biblioteket

Tofterøy 14. juni

  • 18:00 – 20:00 Framvising av skulen sitt kunstprosjekt på Trellevik kystkultursenter.
    I tillegg vert det ulike sosiale aktivitetar – m.a. grilling, kanopadling.

Tofterøy 15.juni

  • 18:00 – 20:00 Siste dag for kunst-og biletutstillinga på skulen.

Sund 16. juni

  • 09:00 Sjøsport i Førdestraumen
  • 12:00 Kunstutstilling, loddsal og kafé på Sund skule.
  • 13:00 Leik og morro på skuleplassen
  • 15:00 Basar
  • 17.00 Varierte kulturinnslag ved skuleborn og andre
  • 18.00 Auksjon

Tur til Veten 17.juni

  • 11:00 Gudsteneste i Sund kyrkje.
  • 13:00 Samling på Veten.
  • Den som vil ha følgje med turleiarar frå Sund turlag til Veten kan møta på:
    Skogsvåg skule: kl. 09.30
    Vorland (Haugeheim): kl. 11.00
    Bakka : kl. 11.00
    Hamre: kl. 11.00
    Stranda skule: kl. 11.00
    Kleppe: kl. 11.00
    Høyland: kl. 11.30
    Førdestraumen: kl. 12.00
    Førde: kl. 12.00
    Utanom skulane er startstaden ved næraste buss-stopp til stien.

Konsert og utstilling 17.juni

  • 18:00 Elevkonsert og utstilling med kunstgruppa i Sund kulturskule. Grendahuset i Klokkarvik.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: