2018: Torgdagen i Bergen har fått ny nettside: http://www.torgdagenibergen.no
Frammøtet av store tradisjonsbåtar som skøyter og kuttarar var uvanleg stort i år, og spesielt gledelig er det at frammøte av færingar er i ferd med å ta seg opp i forhold til tidlegare år.
Det var musikk og salg av levande pale, lubbesild, lefser og lapskaus frå båtane som låg ved kaikanten. Det var god stemning.
Fortøyingsplanen fungerte greitt, sett bort frå eit par små «glipp» som skuldast dårlig informasjon.
Også i år blei det kåra «Den beste restaurerte båt», og denne heideren gjekk i år til ein Dorry eigd av Tor Østervoll frå Torangsvåg i Austevoll.
Redningsselskapet var på plass med ei redningsskøyte og alle barnas Eliasbåt.
Fjell kystlag hadde saman med Bergen og Omegn Havnevesen også i år ansvaret for vakthaldet på Vågen og på kaiane. Dette samarbeidet fungerte svært godt slik at det ikkje oppstod nokon uheldige episodar.
Rutene til dei gamle Fjordabåtane fungerte godt, sjølv om vi alltid kan verte betre å informere om dette, eller rettare samordne informasjon, slik at alle som vil kan få kjøpe billettar frå den staden ein ønskjer, og at informasjonen foreligg om dei ulike båtane sine ruter og anløpsstader.
DS Oster kom i rute frå Osterfjorden, MS Atløy frå Rebnord, MS Midthordland og MS Vestgar frå Sotra nord og Øygarden, og DS Stord og MS Sunnhordland kom frå Sund og Lille Sotra. Oppslutnaden viser at rutene frå distrikta er svært populære, då enkelte av båtane hadde problemer med å få alle passasjerer med.
Det blei ein svært vellukka Torgdag for alle frammøtte!
for Torgdagen i Bergen, Svein Tore Solsvik, styreleiar
Alle foto: Espen Kutschera
Legg igjen en kommentar