Kapproinga gjekk føre seg i pausen frå scenen, starten gjekk om lag klokka 1315. Startlinja var mellom hekken til MS Sunnhordland ved Torgutstikkaren og MS Tyrving ved Strandkaien. Alle dei fem båtane låg på linje og starta på likt. Løpet gjekk så utover Vågen til vaktbåt som låg på tvers av Vågen om lag ved Bradbenken. Båtane runda vaktbåten med klokka. Deretter var det strake vegen attende til startlinja, som no var vorten mållinje. Fyrst i mål var båten frå Askøy Kystlag, klart føre båten frå Arefjord. Kampen om tredjeplassen vart svært spanande. Laget frå Fjell Kystlag hadde grei kontroll, men slutta å ro om lag ei båtlengde før mållinja. Dette gav båten frå Sandviken Kystlag høve til å smetta forbi på dei siste to metrane. For Solsvikje lønte deg seg ikkje å ro åleine.
Resultat | Organisasjon/lag | Namn på roar 1 | Namn på roar 2 | |
1 | Askøy Kystlag | Arvid Hapoløy | Atle Grindheim | |
2 | Arefjord | Arvid Arefjord | Ruben Arefjord | |
3 | Sandviken Kystlag | Endre Storøy | Erik Klausen | |
4 | Fjell Kystlag | Svein Arne ? | Benoni ? | + ei dame som passasjer |
5 | Solsvikje | Roger Solsvik |
Premieutdelinga gjekk føre seg på scenen ca kl. 1540. Premie til vinnarane: Ausefat, laga av Reidar Kausland, med inngravert ROMEISTER 2017 Hefte med «Smakebitar av Oselvarboka» Hefte med «Soga om Norwegian Steam»
Arrangør: Hordaland Fylkeskystlag og Fjell Kystlag
Tekst:
Kjell Magnus Økland, styremedlem både
Torgdagen i Bergen og Hordaland fylkeskystlag
Legg igjen en kommentar