Styret i Torgdagen takkar alle!

No har vi vist eit stor utval av bilete og hendigar på Torgdagen i Bergen i 2016. Styret i Torgdagen vil takke alle som har vore med å gjere dette til ein så flott dag. Vi har jobba mykje med arrangementet, men det har også mange andre gjort på kvar sin kant, båda lag og foreningar, organisasjonar, næringsdrivande og privatpersoner.

Det er varar som har vorte produsert for sal, båtar som er vølt og sett i stand, songar som er øvd inn, klede som er ordna og stelt for høvet, vaffelrører som er laga, og kaker som er bakt, rutetider som er sett opp, dansetrinn som er øvd inn – i det heile tatt MYKJE som mange har gjort av førebuingar for at denne dagen skulle bli så flott som den vart.

Vi er stolte over at Torgdagen har vorte arrangert 40 gonger på rad, og framleis er sprek og rakrygga, og har så stor oppslutning. Tusen takk også til alle som var på Torget laurdag 11. juni 2016.

Velkommen att til neste år – Torgdagen i Bergen – laurdag 10. juni 2017!

Stikkord: , ,

Kategorier: Informasjon, Oppsummering, torgdagen 2016

Abonner

Hold deg oppdatert. Abonner på nyheter og informasjon.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: