I høve den 40. Torgdagen i Bergen, og Hansadagene, slo vi på stortromma og inviterte Ausekarane til Torgdans i etterkant av sjølve Torgdagen. Dei har også fleire gonger tidlegare spelt på Torgdagen. På Torgdansen fekk desse kystkarane boltra seg på scenen i ein time, og dei hadde eit forrykande show, til eit publikum som sto på Torget som sild i tønne – glad sild i tønne! Det var smil og det var latter, det var dans og det var allsong, armar og bein gjekk i takt med den fengande musikken.
Ausekarane jubilerar sjølv i år også, det er 10 år sidan Ausekarane med Tor Endresen og Bjørn Jensen samla og gjekk i øvingslokalet der dei auste på uavbrutt i eit halvt år. Der tolka dei Johannes Kleppevik sine songa og fant det musikalske uttrykket som skulle verta Ausekarane sitt fundament, som dei seier sjølv.
I 10 år har dei turnert med Ausekarane, med konsertar både på land og ikkje minst på sjø. Dei er no aktuelle med Go’knall på Ferjo og reiser rundt til kaier på heile Strilalandet. På Torgdagen haldt dei eit flott og fengane show for både bymann og stril.
Stor stemning!
Her er også ein video frå då dei spela på Torgdagen 11. juni.
Legg igjen en kommentar