Dei siste åra har Torgdagen i Bergen tatt opp igjen tradisjonen frå tidlegare år med rokonkurranse, det er Hordaland fylkeskystlag som står bak denne uhøgtidelege tevlinga på Vågen. Tre lag stilte til start i år.
Det var karane Aksel Monsen og Kai Soltveit fra Askøy kystlag som stakk av med sigeren i rokonkurransen på Vågen. Dei vant både på stil og tid! Dei fekk sterk konkurranse frå Torbjørn og Vidar Ågotnes frå Fjell kystlag, men eit humleband svikta, og dette avgjorde seieren til Askøy kystlag sin fordel. Eit anna moment var at desse karane hadde rodd frå Ågotnes til Bergen på morgonen, og var litt trøtte før konkurransen begynte. Karsten Solsvik gjorde også ein imponerande innsats, han rodde ein færing åleine med tre passasjerar, han hadde med seg barnebarna Julian og Olivia, i tillegg til kameraten Oliver.
For første plassen var premien eit krus, andre plassen flagg, tredjeplassen caps og pins, alt gåver fra Forbundet Kysten.
Flott innsats av alle!
Gratulerer med sigeren Aksel Monsen og Kai Soltveit!
Legg igjen en kommentar