Ære til ein heidersmann!

Laurdag 11. juni var det den 40. Torgdagen i Bergen, det var også den 40 gongen Nils Harald Lie var med og arrangerte Torgdagen. Slikt fortener heider, og styret fann det då heiLt på sin plass å dele ut Æresmedlemskap i Torgdagen i Bergen til denne heiderskaren, Nils Harald Lie.

Nils Harald Lie har vore aktivt med i Torgdagsutvalet sidan det vart oppretta i 1977, og har i alle år fremja kystkulturen på ein framifrå måte.

Nils Harald er levande interessert i kultur, og er eit oppkomme av kunnskap og historier frå gamal tid. Gjennom mange år har han samla inn eit omfattande materiale av intervju med eldre personar på Sotra, og i dag er dette er av stor, allmenn interesse. Han har og samla gamle gjenstander og klede, og kjenner – og kan formidla – historia bak det meste. På heimegarden har han teke vare på to gamle hus, og inviterer gjerne bl.a. skuleelvar til omvising og ei interessant historietime. Han er og ein kunnskapsrik og underhaldande kåsør i ulike samanhengar.

På Torgdagen, både på møter og på sjølve dagen er han opptatt av å formidle kystkulturen, strilakulturen og møtet mellom by og land, og ivrar sterkt for å dele dette med alle. Det er viktig at den gamle kunnskapen ikkje går tapt, og han har alltid gjort sitt for at nye generasjonar skal kunne ta med seg gamal visdom.

For alle desse åra, for alt dette engasjementet, og for alle gode historier og lune smil – du fortener ære – og:

Vi har vet til å takka! STOR TAKK, NILS HARALD! 

Stikkord: , , , , ,

Kategorier: Historie, Oppsummering, torgdagen 2016

Abonner

Hold deg oppdatert. Abonner på nyheter og informasjon.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: