Båter er ein svært viktig del av Torgdagen, for kystkulturen står sterkt både i byn og på Strilalandet. Denne dagen er det berre trebåter, tradisjonsbåter, skøyter og veteranfartøy som får plass innst i Vågen.
Styreleiar Svein Tore Solsvik legg den store kabalen for å få plass til alle som vil til Torgdagen. Det er vakkert i Vågen der dei flotte båtane ligg tett i tett, med robåtar og små tradisjonsbåtar inns mot Torget, og skøyter og andre fartøy ligg utanpå kvarandre langs kaikantane heile vegen.
Fjell kystlag hjelper Torgdagen i Bergen med vakthald både med vaktbåt på sjøen, og dessuten vaktar på land. Det gjer ein viktig jobb for å få folk til å komme på plass, og syte for at båter som ikkje er påmelde, kjem og legg til der dei ikkje skal.
Det myldrer av folk på land, men det er også mykje liv og røre i båtane. Mange lag og organisasjoner, vennegjenger og kystfolk koser seg ombord i båtene. Nokre har med musikk, og andre med både reidskap og motorar, for å vise fram kystkulturen.
I høve Hansadagene har dei store fjordabåtane og fjordbussene lenger ute langs kaien på Bryggen, men fleire av dei kom i rute til Torgdagen slik dei pleier.
Legg igjen en kommentar