Vi brukar kåre beste drakta på Torgdagen, det har vore pris for vaksne og for born. I år gjekk prisen til ein heil familie, som var så gjennomført at det var ein fryd!
Heidi og Asbjørn Mongstad frå Manger, med sønene Viljar og Vegard hadde både drakt og tilbehør frå Gamledagar. Dei hadde tatt turen til bydn med DS Oster, og for å få vist den flotte familien fram på scena stokka vi litt om i programmet, slik at dei også fekk ta Dampen tilbake til Nordhordland.
Vi fekk snakka litt med dei då vi gjekk rundt og såg etter folk i fine klede, og fekk då også helse litt på minsteguten Vegard som satt i ein gamal sportsvogn. Den guten har godt sovehjerte, for seinare sov han seg gjennom heile seansen på scena, frå vogna vart løfta opp og ned frå scena igjen. Det var derfor størsteguten Viljar som fekk fiskestong i premie, medan mor og far fekk kvar sitt par med deilige, nålebundne sjøvotter, eller vavotter som strilane gjerne kallar dei.
Vi gratulerer familien med prisen for beste klededrakt på Torgdagen 2016!
Lena Eikeland Kutschera og Anne Grethe Aase Eide, begge frå styret i Torgdagen, var i juryen.
Legg igjen en kommentar