For å markere den 40. Torgdagen i Bergen ønskte styret å ha med eit opptog med bunader. Dette har vore gjort tidlegare i Torgdagen sin historie, og vi tenkte dette ville verte eit ekstra flott innslag på denne jubileumsdagen. Hansadagene hadde også parader i løpet av dei fire dagene folkefesten gjekk føre seg, og det høva godt med ein bunadparade frå Hansamarkedet til Torget.
Hordaland husflidslag tok utfordringa då vi spurde om dei ville mobilisere bunader frå heile regionen. Mange lokale husflidslag stilte opp, og viste bunader både frå Nordhordland, Sunnhordland, Askøy, Sotra, Fusa, Os, Austevoll, Fana, Tysnes og mange fleire. Det vart eit riktig flott og fargerikt opptog som gjekk frå Festningskaien, over Bryggen i Bergen og til Torget.
Vi var også så heldige å få med oss Sund toradarklubb, som spelte heile vegen, og Knarvik Gamaldanslag, som dansa på fleire stopp langs ruta. Paraden var eit flott skue, og var til stor glede for byfolk og stril, for ikkje snakke om Hanseatar og alle turistane i Bergen.
Tusen takk til kvar og ein av dere som var med, og gav både Torgdagen, publikum og oss alle ei flott oppleving!
Legg igjen en kommentar