Torgdans med Ausekarane på Torgdagen

Torgdagen i Bergen vert arrangert for 40. gong i år, og det er Hansadager i Bergen – dette gjev grunn til å slå på stortromma!

Torgdagen i Bergen inviterer alle til gratis Torgdans med Ausekarane på Torget i Bergen laurdag 11. juni kl 17.oo. 

Ta deg ein heil dag i bydn, med flotte båtar, parader, kystkultur, torghandel, kapproing og underhaldning.

Sjølve Torgdagen går av stabelen som normalt, men denne dagen treng du ikkje fara heim att etterpå, men få med deg Ausekarane frå scena på Torget.

Ausekarane har vore 10 år på sjø og land med knall på ferjo langs kysten på Strilalandet, og veit kor godtfolk bur, men på Torgdagen kjem dei til bydn!

Kom du også, og bli i bydn heile dagen!

Ausekarane på Torgdagen er alltid ein suksess!

Her er ein videosnutt med låten Dans frå Torgdansen med Ausekarane på Torgdagen 11. juni 2016.

Stikkord: ,

Kategorier: program, torgdagen 2016

Abonner

Hold deg oppdatert. Abonner på nyheter og informasjon.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar