No har de høve til å melde på båtar til Torgdagen laurdag 11. juni!
Her finn de eit skjema med PÅMELDING FOR BÅTAR 2016 som kan fyllast ut og sendast til båtansvarleg på Torgdagen, Svein Tore Solsvik. Vi treng vite kva båten heiter, kva type båt og kor stor båten er. Det er også fint å få med rutetid om de har planar om å komme til Torgdagen etter eigen oppsatt rutetid.
Det er kjempeflott også om de under Merknader kan fortelje litt om de planlegg sal frå båten, eller om de har tenkt aktivitetar ombord som publikum kan få glede av.
I år er også Hansadagene i Bergen frå 9. – 12. juni, og det er høve til å komme til bydn med tradisjonsbåtar alt frå fredag kl 12.00.
Påmeldingsfrist 1. juni, slik at vi får laga og sendt ut hamnekart med båtplasseringar.
Det er ein stor kabal som skal gå opp om for å gje plass til alle som vil ha med seg Torgdagen, så meld frå at du kjem!
Legg igjen en kommentar