Vågen var full av flotte båtar på Torgdagen i Bergen. Det sto vakre båter tett i tett, og utanpå kvarandre kring heile inste del av Vågen i Bergen denne lørdagen den 13. juni.
Det var mange fleire påmeldte båter i år enn tidlegare, det resulterte i at det kom ikkje så mange uten påmelding, vi hadde derfor mykje betre kontroll på båtane som kom. På hamneplanen var det sett opp kring 40 båtar som var venta til Torgdagen i Bergen, alle av ein viss storleik.
I tillegg kom det fleire småbåtar som tilhørte kystlaga. Spesielt gledeleg er det at det kom fleire færinger som defilerte inn Vågen. Desse vart plassert heilt innerst ved fisketorget slik det var fra gammalt av då strilane rodde til byn og selte varene sine direkte frå båten, og madammene og tenestejentene forhandla om pris frå kaien.
Skøyter som skulle drive handel la vi inst ved kai, som Sotrabuen fra Fjell kystlag og Hardsjø fra Austevoll med fleire. Spesielt austevollingane som kom med levande fisk, lubbesild og tørkafisk var populære. Dei var svært nøgde med omsetningen for dagen.
Fleire av båtane hadde også ulike kulturelle innslag eller musikk ombord, noko som gav god stemning.
Legg igjen en kommentar