Torgdagen i Bergen er dagen strilar trekk til bydn, og tek på seg strilaklede, klede frå gamle dagar, slik ein ser føre seg dei såg ut då dei kom til bydn for å selje fisk, grønsaker og andre varer. Dette er Torgdagen og Kystens dag, då vi feirar kystkulturen, kvinnfolka finn fram stakken og sjalet, medan mannfolka hentar fram kasjettlua, skinnvesten eller strikkatrøya – svarte sko eller kloggar høyrer med.
Innimellom kan ein også sjå andre litt meir byklede, ein bydress, ein losjakke, høge støvlar, eller heilsvarte kjoler på damene.
Juryen fann ut at Turid Daae Soltvedt var best kledd i år, ho var kledd som byfrue, frå inst til ytterst, frå topp til tå, og med tilhøyrande veske. Ho har vore med på Torgdagen i ei årrekkje, og i år vart ho velfortent plukka ut til å ha beste klededrakt.
Det var mange andre som også hadde funne fram finstasen for byturen til den 39. Torgdagen i Bergen.
Legg igjen en kommentar