Hordaland fylkeskystlag inviterte i fjor til rokonkurranse på Vågen på Torgdagen i Bergen, og vi vil gjerne at dette vert gjentatt i år, gjerne med fleire konkurrerande lag. I 2014 var det berre to båtlag som stilte, men dei gjorde ein flott innsats. Vaktbåtar følgte med på utroren, og dei to båtane fossa inn mot mållina utanfor Zachen.
Hordaland Fylkeskystlag arrangerar rokonkurranse på Torgdagen i Bergen også i 2015
Her skal den gamle kunnskapen å ro saman setjast på prøve. Båtane som er med er færingar, seksæringar og andre tradisjonelle bruksbåtar. Starten er ved Bradbenken og målgang ved kaien til «White Lady»
Tek du utfordringa?
Ta kontakt med leiar i Hordaland fylkeskystlag Tor Evjen for informasjon og påmelding.
Legg igjen en kommentar