Styret er no i gong med å planlegge innhald frå scena, og sette i saman program. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å bidra til denne dugnaden. Spelar du, syng du, dansar du, aleine eller saman med andre. Er du ung eller gamal? Men først og fremst: Ivrar du for kystkulturen og Torget – by og land hand i hand?
Ta kontakt med styret og fortel kven du er og kva du ønskjer å bidra med. Legg gjerne ved link til ei nettside eller videosnutt som vi kan få vite meir om kva du står for, slik at vi kan sette saman eit kjekt program for bymann og stril laurdag 13. juni.
Ta kontakt med Torgdagen i Bergen
Legg igjen en kommentar