Torgdagen i Bergen vert hovudarrangement for Kystens Dag 2015

Torgdagen i Bergen er stolte og glade for at vi er tildelt status som hovudarrangment for Kystens Dag 2015, saman med Museum Vest.

13. juni 2015 er Torgdagen i Bergen, og denne dagen vert Torgdagen arrangert for 39. gong, og har lange og gode tradisjonar.

Kystens dag er eigentleg den 9. juni, ein dato som vart valgt til «Kystens dag» fordi det var denne dagen det norske flagget for første gong vart heist på offentlege bygningar, skip og festningar i eit sjølvstendig Norge i 1905. Både den 9. juni og i tilliggande ukedagar og helgar, vert denne dagen markert langs heile Norges kyst. Samferdselsdepartementet gjev prosjektstøtte som vert forvalta av komiteen for Kystens dag ved Lindesnes fyrmuseum. Målet med Kystens dag er å sette eit positivt fokus på kysten og kystnæringar, på heile vår kystkultur.

Laurdag 13. juni vert altså Torgdagen i Bergen hovudarrangement i den nasjonale Kystens dag markering, og saman med Museum Vest vil styret i Torgdagen i Bergen legge til rette for at kystlag, organisasjonar, frivillige som interesserer seg for kystkultur, saman skapar ein festdag for bymann og stril, som publikum i alle aldrar kan komme og oppleve, og dermed få gode kjensler for kystkulturen.

Torgdagen årviss og ein merkedag for bymann og stril, og denne dagen syder Torget og Vågen av liv, lyder, luktar og opplevingar. Kystkulturen innanfor fleire områder er synleg gjennom store og små båtar, song, musikk, stev, historier, fiske, tradisjonsmat, og tradisjonshandverk for både kvinner og menn. Langs alle kaikantar ligg små og store tradisjonsbåtar, og på Torget er folk kledd i gamaldagse klede. Torgdagen i Bergen er ein festdag som er tilgjengelig for alle.

Torgdagen har mange viktige roller for kystkulturen. Torgdagen tek vare på Torget som historisk møtepunkt, og tek vare på matkultur og handeltradisjonar. Torgdagen er også eit utstillingsvindauga for tradisjonshandverk som er på vei til å gløymast. Ein svært viktig del av Torgdagen er at vi inviterer til i bruk av, og til å vise fram tradisjonsfartøy, både store skøyter og fjordabåtar, og små opne bruksbåtar.

Museum Vest har har dei seinare åra vore aktiv med og synleg på Torgdagen, og har flytta mange aktiviteter ut på bryggekanten. Museum Vest har både Norges fiskerimuseum, Hanseatisk Museum og Schøttstuene i tillegg til Kystmuseet i Øygarden, Herdla museum og Nordsjøfatmuseet i Telavåg. Dei har på denne festdagen stilt med store manskap, mange aktivitetar og mykje kompetanse for bymann og stril.

 

 

Stikkord: ,

Kategorier: Informasjon, Torgdagen 2015

Abonner

Hold deg oppdatert. Abonner på nyheter og informasjon.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: