… og vi gjer eit raskt tilbakeblikk etter å ha trekt pusten eit par dager etter arrangementet. Her kjem innleiingsvis nokre bilete frå denne fantastiske Torgdagen i Bergen som vart arrangert for 38. gong. Vi var svært heldige med været, og alt låg til rette for at dette skulle bli den flotte dagen som det vart.
Styret er svært takksam for alle som var med og bidrog til å gje alle bymann og stril, turistar og tilreisande ei flott og god oppleving. Dette gjeld både artistar frå scena, torghandlarar, båtfolk og dei som hadde ulike aktivitetar. TUSEN HJARTELEG TAKK FOR AT DE VAR MED PÅ TORGDAGEN I BERGEN 2014 !
Fjordabåtar og andre båtar hadde sett opp rute frå Strilalandet og inn til byn
Torgdagen vert arrangert på dugnad. Helge Riise hoppa inn som programleiar på svært kort varsel. Det er vi særs takksame for. I styret for Torgdagen: Lena Eikeland Kutschera, Terje Inderhaug, Nils Harald Lie, dagleg leiar Ketil Natvik, styreleiar Svein Tore Solsvik og Trond Berntsen. Sigrid-Marthe Kleppevik, dottera til Johannes Kleppevik har permisjon dette året, sidan det førre veke kom ein ny liten gut til verda.
Frå scena vil vi ha både song, musikk og dans – og ei skrøne eller to…
Folk koste seg både i båtande og på Torget
Ein heil skog av master låg langs alle bryggekantar inst i Vågen
Når Ausekarane kjem på scena vert det ekstra høg stemning på Torget.
Her var det høve til å studere mange vakre detaljar
Vi har sjølvsagt tinga godt ver alt no, og vi reknar med mange menneske finn veien til denne folkefesten for bymann og stril
Berre trebåtar får plass inst mot Torget på Torgdagen, då vil vil heidre kystkulturen og tradisjonsbåtane
Utpå dagen gjekk båtane tilbake til Strilalandet
Lik dette:
Liker Laster...
Relatert
Det var ein fantastisk dag ….. Gler oss allerede te neste år 🙂