Programmet frå scena på Torgdagen er på plass. Vi er glade for at Ausekarane er med oss også i år. I tillegg vert det både trekkspel, toradar og kor. Vi får også høyre røvarhistoriar frå Jimmy Øvredal og dessutan Torgdagen sin eigen Nils Harald Lie i samtale med to kystkulturveteranar Gudrun Lie og Magnus Oen, som fortel om kystliv og kystkulturen frå 1920-talet.
Det vert både song og Striladans, og to unge talent frå Osterøy, Sanna Håland og Mona Kristin Jørgensen frå Valestrandsfossen.
Dette er berre noko av det vi kan få med oss frå scena, heile programmet finn du her:
Legg igjen en kommentar