Tradisjonen tru vert det også kåra vinnarar av beste drakt både i vaksen- og barneklasse. Den som merka seg ut i klesvegen var Terje Fromreide frå Askøy som hadde tatt på seg dei beste bykleda sine, bestefaren sin game dress. No viser det seg at Terje har gått med same dressen på Torgdagen sidan han fekk dressen hjå bestefaren sin i 1978 – då var det på tide å verte heidra med premie. Terje Fromreide var å sjå på scena tidlegare på dagen, sidan han var med Askøystrilane med song og løye. Heile gjengen i Askøystrilane hadde lagt ned arbeid i sceneandrekket, og hald til tillegg spontanshow frå båten sin – Silden. Fromreide tok seg staseleg ut, og skilde seg frå dei andre, både askøystrilar og andre strilar. Han vart glad for utmerkinga, takka og fortalde historia om bykleda sine.
Det var ikkje så mange born å sjå i klede frå Gamle dagar. Vi fant til slutt Sigvald på 6 år, han var sjarmerande og fin i sin nikkers, busserull og kasjettlue. Han vart stolt og glad for fiskestonga som var premien, og vi har høyrt at stonga var i bruk i Øygarden alt dagen etter, og jammen vart det litt fangst også.
Vi gratulerer Terje Fromreide og Sigvald med premier for beste drakt, og oppmodar folk til neste år å leite i skuffer og skap gjere som dei, og ta på den gamle finstasen når ein skal på på Torgdagen til neste år!
Legg igjen en kommentar