Over 100 menneske på scena på Torgdagen

Vel overstått Torgdagen 2013! Torgdagen vil rette ein stor takk til alle som var med oss på scena på Torgdagen! Det var faktisk over 100 menneske som sto på scena i løpet av dei to bolkane som programmet var sett saman av.

Yngstemann på scena var deltakar på Ungdommens Kulturmønstring Hordaland, 12 år gamle Idar Rolland, som seinare i år skal vidare til landsmønstringa til UKM. Han imponerte stort både byfolk og stril, og ikkje minst turistar – fleire kom bort til scena etterpå for å høyre kven denne talentfulle unge karen var. Spennvidda var stor til Elvira, ein av Kanuttane, som er 98 år, og som har vore med på Torgdagen sidan oppstarten i 1977.

Vi hadde fleire kor, både Tide Mannskor, Sotrastilane med støttekontaktar, Shantykoret Cape Horn, og koret Roots fra Askøy. Vi fekk både spelgrupper med Sund Trekkspelklubb, Åsalåten Toraderlag, Os Durspelsamskipnad og Askøybæljen. Knarvik Gammaldanslag svingte seg framom scena.

Askøystrilane hadde både musikk og humorinnslag, det samme hadde gruppa Mott i brøstet frå Gulen, og ikkje minst Ausekarane. Jimmy Øvredal fortalte skrønder og røverhistorier, og Kjellaug Nilsen song gamle viser.

I tillegg til alle desse som underholdt frå scena var det ei rekkje spontanopptredener omkring på Torget, og saman var alle med på å gjere Torgdagen 2013 til ein stor festdag med god stemning. Takk til alle!

Advertisements

Tags: , ,

Kategorier: Oppsummering, program, Sang og musikk, torgdagen 2013

Abonner

Hold deg oppdatert. Abonner på nyheter og informasjon.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: